Rekordår og omorganisering

Omorganisering og nytt namn

Sogn Bygg og Montasje AS har omorganisert verksemda si hausten 2020. Sogn Bygg og Montasje AS blei fisjonert, skiftar namn til SBM AS og får nytt organisasjonsnummer 925 056 065.

Entreprenørdrifta held fram som før i SBM AS.

SBM AS, SBM Eigedom AS og Petal AS får ei nytt felles eigarselskap med namn SBM Invest AS. Arnstein Grindedal og Eivind Midlang held fram med å eige verksemdene 50/50 som før.

SBM AS og Petal AS har i dag totalt 26 tilsette. I tillegg til dette har det vore 6-8 personar innleigde i heile 2020.

Total omsetning i 2020 for SBM AS og Petal AS ligg på ca. 50 mill.

Rekordår i 2020

Trass i usikre tider med Covid-19 vart 2020 eit rekordår for SBM AS.

Me hadde m.a. eit av våre største prosjekt, med levering og montering av fasade til RNH Knarvik for Consto AS, og fasade til Vestfold Sentralsjukehus/Tønsberg Prosjektet for Skanska AS

I mars slo Covid-19 til for fullt og me var førebudde på at dette ville forårsake stopp og stengde byggeplassar. Me og våre oppdragsgivarar har handtert Covid-19 på ein god måte med strenge tiltak, og saman har me unngått stopp.

Gasta Design